World Cruise Awards - 2023

Flåm hamn kåra til verdas mest berekraftige cruisehamn!

Under den internasjonale prisutdelinga som fant stad i Dubai 15.oktober, var det Flåm som stakk av med sigeren som verdas mest berekraftige cruisehamn. Dette i konkurranse med blant anna Valletta, Kiel, Hamburg, København, Hong Kong, Montreal og Victoria som var dei andre nominerte.  

World Cruise Awards blei dette året gjennomført for tredje gong. Prisen blir gitt til aktørar som markere seg i cruise industrien, og er ein del av Word Travel Awards. Dei nominerte blir plukka ut av ein jury beståande av sentrale personar i cruise bransjen, og det er då høve for allmenta i heile verda å stemma fram vinnaren gjennom nettsida deira.

I Flåm har arbeidet med berekraft stått sentralt i lang tid, og fleire tiltak har vorte iverksett i hamna. Innføring av Environmental Port Index (EPI), luftmålingar, solceller og ein god forvaltning av cruise anløpa er nokon av desse. Fokuset på å auke den lokale verdiskapinga frå cruise saman med næringslivet og ein open dialog med både kommuneadministrasjon og lokalbefolkning gjer nok og sitt til at cruise er eit berekraftig og viktig segment i reiselivet i Flåm. Aurland Hamnevesen KF har og ei aktiv rolle innan sentrale samfunnsfunksjonar som kjem både andre besøkande og lokalbefolkning til gode. Dette då gjennom fokus på toalettfasilitetar, grønt områder, offentlege områder og avfallshandtering. Flåm har og nokre av verdas strengaste krav når det kjem til utslepp til luft og sjø, noko som gjer at skipa som kjem til Flåm er nokon av dei beste i klassen innan låg miljøpåverknad. Flåm har som mål om at alle operasjonar knytt til cruise skal være utsleppsfrie og at CO2 utsleppa skal reduserast med 85% samanlikna med 2019 innan 2026.

Kombinasjonen av desse tiltaka gjer difor sitt til at Flåm har fått den posisjonen hamna har når det kjem til å være ei føregangshamn innan berekraftig utvikling.

«Me fekk nyss om at me kom til å stikka av med sigeren for nokre veker sidan, og var invitert ned til Dubai for å ta i mot prisen. For oss var det vanskeleg i eit berekraftperspektiv å ta turen til Dubai, men me blei presentert med video under utdelinga og får ein ganske so flott «pokal» i posten»

Tor Mikkel Tokvam, Hamnesjef

 

«Å vinne denne prisen betyr at arbeidet me gjer blir lagt merke til. Det handlar og om god kommunikasjon og samarbeidet me har med lokalt næringsliv og lokalbefolkning. Dette er ikkje ein pris som handlar om oss som hamn, men om Flåm som destinasjon»

Tor Mikkel Tokvam, Hamnesjef

 

Nyttige lenker:

Flåm Hamn sine berekraftsider: https://www.flamport.no/sustainable-port

World Cruise Awards: https://worldcruiseawards.com/

Kontaktperson:

Tor Mikkel Tokvam
Hamnesjef
E-post: tormikkel@aurlandhavn.no
Mobil: 41202088

Previous
Previous

Torgplass i Flåm 2024

Next
Next

Aurland Hamnevesen KF - Høyringsvar NOU 2023:10 - Leve og oppleve - Reisemål for en bærekraftig fremtid