Torgplass i Flåm 2024
Aurland hamnevesen tek no i mot søknadar for torgplassar i Flåm for 2024-sesongen.
Søknadsfristen vert satt til 10.01.2024, og administrasjonen gjennomfører deretter tildeling av torgplassar.
Hamnevesenet forventar høg etterspurnad etter torgplassar for 2024-sesongen, så søkarar vert oppfordra til å leggje ved opplysningar i sin søknad i høve vurderingskriteria for tildeling av torgplass.
NYTT: Det pågår etablering av tilkoplingspunkt for levering av avløpsvatn til felles feittavskiljar og inn på kommunalt nett på torget før 2024-sesongen. For serveringsverksemder vert det stilt krav om tilkopling.
Tildeling av plass
I høve tildeling av plass vert følgjande moment lagt vekt på i eit suksessivt opptak:
1. Prioriterte føremål med små miljøulemper - definert som handel med kortreiste landbruks- og handverksprodukt, frukt, bær, blomar og gartnarvarer.
2. Omsøkt sesonglengde med ekstra vekt på tidleg oppstartsdato.
3. Avfallsomfang (volum). Val av emballasje mv. frå tilbydarar som driv servering.
4. Visuelle kvalitetar.
5. Konstruksjonsbestandigheit mot vær/vind.
6. Mangfald i produktsamansetjing for torget sin heilskap. Har til dømes ein som sel tilsvarande produkt som deg allereie vorte tildelt plass etter kriteria over, vert din søknad prioritert lågare.
I tillegg er det ei avgrensing i høve kapasitet, som gjer at tal ruter til tiltak med serveringsløyve er avgrensa.
Som vedlegg til søknaden oppfordrar me difor til at søkjar legg ved:
a) Opprinnelse for handelsvarer.
b) Skildring av torgbod; bilete mv.
c) For tiltak som krev serveringsløyve: Skildring av emballasje.
d) Andre praktiske opplysningar av relevans for vurdering av søknaden.
Plassar
Totalt 16 torgplassar 4 m x 4 m lysast ut. Det er høve til å søke på 1, 2 eller 3 plassar.
Straum (16/32A) og vatn er tilgjengeleg. Fordelingsskap innteikna.
Forskrift
Torget i Flåm er omfatta av forskrift om bruk av kommunalt areal til handel utanom fast utsalsstad.
Andre krav
Andre krav som her beskrive gjeld føre torgforskrifta. Torgforskrifta fyller deretter ut bestemmingane.
1. Ankomst
Torgplassen er tilgjengeleg for opprigging tidlegast frå kl. 08:00 første dag i tildelt torgperiode.
2. Opp- og nedrigging
Hamnevesenet gjev unntak frå krav i forskrift om opp- og nedrigging av torgboder kvar morgon/kveld basert på erfaringane frå 2022/23.
NYTT: For 2024 vert det ikkje gjeve unntak frå kravet om opp- og nedrigging ved bruk av telt eller andre sårbare konstruksjonar mot vindkrefter om ikkje varene fjernast frå torgplassen ved stengetid.
3. Avløp
Avløpsvatn skal leverast på tilkoplingspunkt tilknytt torgplassen, som vert etablert i forkant av 2024-sesongen. Frityrfeitt skal aldri hellast i avløpet/til feittutskiljar. Frityrfeitt lyt torghandlar sjølv levere på godkjent måte.
4. Reinhald, orden og avfall
Torghandlarar har eit særleg ansvar for å halde si torgrute ryddig og reingjort. Avfall skal ikkje mellomlagrast synleg på torgplassen. Torghandlarar med serveringsløyve vert gjeve tilgang til å levere avfall frå torgplassen i restavfalls- og pappbehaldar nær torget tiltenkt torghandlarar.
Bruk av køyretøy på torget som ikkje vert plassert innanfor tildelt torgrute skal haldast på eit minimum, og i torget si opningstid maks. 10 minutt parkering for varelevering/avfallshenting i bakkant av torgplass.
Om lag halve torget, samt togvogna rett nord for torget, er satt av til fellesareal med sitjeplassar. Dette området kan brukast av gjester til konsum av mat kjøpt på torget, og for gjester i Flåm forøvrig. Torghandlarar med serveringsløyve pliktar å halde tilsyn med at heile torget framstår ryddig og reint.
5. Tilsyn
Hamnevesenet vil ha tett oppfølging av område med jamlege tilsyn i høve overhalding av forskrift, retningsliner og pålegg. Området skal reflektere og halde same standard som resten av Flåm.
6. Betalingsfristar
Torgleiga for dei første 30 dagane forfell til betaling 14 dagar etter tildeling av torgplass. Resten av torgleiga vert deretter fakturert forskotsvis per kalendermånad.
Ved manglande betaling innan betalingsfrist vert løyvet trekt attende for heile den tildelte perioden.
7. Avslutning av periode for tildelt torgplass
Torghandlar lyt fjerne sin torgbod, salsbod mv. seinast innan kl. 19:00 siste dag i tildelt torgperiode. Torgplassen skal forlatast i rydda og reingjort tilstand. Om naudsynt skal plassen vere kosta og spylt.
Søknadsskjema:
Søknadsskjema finn du her.
Komplett utfylt søknad sendast til Aurland hamnevesen KF ved post@aurlandhavn.no
Søknadsfrist
Søknadsfristen er satt til 10. januar 2024 for tildeling av torgplass.
Dersom ein treng serveringsløyve er det viktig å vere ute i god tid.
Ved ledige plassar vert det deretter gjennomført kontinuerleg handsaming av tilkomne søknadar.
Prisar
For torget i Flåm er det krav om forskotsbetaling for ein månad ved tildeling av torgplass, deretter månadleg forskotsbetaling.
1.1.1 Torgplass
1.1.2 Tillegg for tiltak som krev serveringsløyve
Tillegget gjeld alle verksemder med tiltak som krev serveringsløyve på torget.
1.1.3 Tillegg for straum og vatn
Hamnevesenet tek atterhald om at betalingssatsane kan verte endra før søknadsfristen går ut.
For spørsmål knytt til ordninga, kontakt driftsleiar Jon Olav Stedje på +47 976 273 82 eller på e-post jonolav@aurlandhavn.no.