We are hiring for 2024
Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner, planlegg og byggjer nye anlegg i Aurland kommune. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaia i Flåm vart teken i bruk.
Flåm har posisjon som ein av dei ledande cruisehamnene i Noreg, samt at området er eit ettertrakta reisemål for nasjonale og internasjonale gjester.
Me tilbyr:
· Gode løns og arbeidsvilkår
· Grundig opplæring i arbeidsoppgåvene
· Kursing innan fyrstehjelp og hjartestartar
· Pulserande og internasjonalt arbeidsmiljø
· God arbeidserfaring
Hamnevesenet søker etter kandidatar til to ulike stillingar. Drift og vedlikehald og vakthald og vertskap:
Sesongmedarbeidar: Drift/vedlikehald
Aurland Hamnevesen skal tilsetja ein til fire medarbeidarar i perioden 1. april til 30.september (Kan endrast ved behov eller for rette vedkommande). Det meste vil vera praktiske oppgåver som drift, vedlikehald, tilsyn og andre varierte oppgåver. Personen må og delta i fortøying av skip og inngå i naudsynt opplæring i ISPS. Andre arbeidsoppgåver kan førekomma. Løn etter tariff.
Arbeidsoppgåvene er blant anna:
· Fortøying av cruiseskip
· Førefallande arbeid på hamnevesenet sine områder i heile kommunen
· Rydding, reinhald og søppelhandtering på og rundt hamneanlegga og hamnevesenet sine områder
· Vedlikehald av hamnevesenet sine grøntområdet og anlegg
· Kontroll og inspeksjon av parkeringsområde (parkeringsvert)
· Tilrettelegging for gjester og brukarar av hamnevesenet sine områder.
Me søker ein person som:
· Har erfaring med praktisk arbeid
· God fysisk helse
· Er nevenyttig og båtvant
· Tar initiativ, er ansvarleg og sikkerheitsbevist
· Er serviceinnstilt og løysningsorientert
· Fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
· Sett høg standard for kvalitet
· Er utadvent og imøtekommande
· Kan kommunisera godt på Norsk og Engelsk
For riktig kandidat vil det og væra moglegheit for opplæring og obligatorisk kursing som sikringsledar/ PFSO.
Sesongmedarbeidar: Vakthald og vertskap
Cruisekaien i Flåm er ei ISPS-hamn og er underlagt internasjonale reglar som set avgrensingar på tilgjenge til kaiområdet. Det vil difor være behov for vaktpersonell med sikringsoppgåver knytt til ISPS og oppgåver knytt til drift. For sesongen 2024 vil og sesongmedarbeidarane få fleire varierte oppgåver knytt til vertskapsrolla. Dei ulike rollene vert fordelt ut frå kvalifikasjonar
Arbeidsoppgåvene er blant anna:
· ISPS vakthald og kontroll
· Inspeksjonsrundar
· Fortøying av cruiseskip
· Rydding, reinhald og søppelhandtering på og rundt hamneanlegga og hamnevesenet sine områder
· Vertskapsrolle ovanfor cruisegjester
· Kontroll og inspeksjon av parkeringsområde (parkeringsvert)
Me søker 10-15 personar som:
Tar initiativ, er ansvarleg og sikkerheitsbevist
Følgjer prosedyrar og retningslinjer
Setter høg standard for kvalitet
Er serviceinnstilt og løysningsorientert
Er utadvent og imøtekommande
Er fleksibel i forhold til arbeidstid
Har god fysisk helse
Kommunisera godt på Norsk og Engelsk
Har erfaring med service, vakthald og ISPS
Søknaden sendast seinast innan 10.mars pr. e post til jonolav@aurlandhavn.no. Merk søknaden med stillinga du søker på.
Spørsmål kan rettast til driftsleiar Jon Olav Stedje på telefon 97 62 73 82 eller e-post jonolav@aurlandhavn.no