Aurland Hamnevesen KF - Høyringsvar NOU 2023:10 - Leve og oppleve - Reisemål for en bærekraftig fremtid
Høyringsfråsegn vedteke i Aurland hamnestyre 22.05.2023, sak 006/23.
Samrøystes.
Konklusjon
Aurland hamnevesen KF er i hovudsak positive til reisemålsutvalet sine tilrådingar om cruise. Det vert tilrådd at nullutsleppskravet bør gjelde alle norske farvatn og innførast gradvis. Det lyt presiserast at gradvis innføring også må gjelda for verdsarvfjordane.
Om Aurland hamnevesen KF og lokal reisemålsutvikling med cruise som ein av bærebjelkane
Aurland hamnevesen KF forvaltar hamner og kaianlegg i Aurland kommune, der cruisehamna i Flåm er av stor betydning. Hamnevesenet er vertskap for mest utelukkande passasjertrafikk, med om lag 250 000 cruisegjester per år, samt 500 000 reisande med mindre fartøy på Nærøyfjorden. Føretaket utfyller i tillegg ei rekkje fellesfunksjonar for reiselivet i høve parkering, parkanlegg, reinhald, toalett, avfall, turistinformasjon mv. med grunnlag i gode inntekter frå cruisetrafikken. Dette er ei unormal ansvarsfordeling i kommune-Noreg, men er like fullt del av vår lokale suksesshistorie.
For tilkomst til våre hamne- og kaianlegg seglar ein gjennom verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap Nærøyfjorden. Aurlandsfjorden er også del av dette området.
Flåm er ei merkevare i internasjonal målestokk. Cruisegjestene sjølv rangerer Flåm som den beste destinasjonen i Nord-Europa, og som nr. 7 i verda. Vakker natur er av stor betydning, men Flåm har først og fremst tatt sin posisjon gjennom eit langsiktig arbeid med reisemålsutvikling. Essensielt for å lukkast med cruisetrafikk er å byggje opp både eit mangfald og eit volum med kvalitetsprodukt gjesten etterspør, som gjer at opplevinga vert god for gjesten, og verdiskapinga høg for dei lokale. Det har ein lukkast med i Flåm. Her har 7 av 10 cruisepassasjerar betalt for ein førehandstinga utflukt allereie før dei kjem hit. Dette er Europas høgaste rate, og alt som vert kjøpt i land kjem i tillegg.
I 2016 vart det første elektriske hybridfartøyet levert, medan to heilelektriske fartøy sidan er kome til. Sidan 2017 har Flåm vore heilårsope, og med det lagt grunnlaget for heilårs arbeidsplassar, profesjonalisert og med kvalitet i alle ledd.
Veksten i cruisetrafikk dei siste tiåra i Noreg har vore stor, og er framleis stor. Flåm og Gudvangen har lange tradisjonar for mottakt av cruiseskip attende til 1800-talet. I høve veksten nasjonalt, ligg Flåm eit tiår føre dei andre. Den raske veksten resten av Noreg ser etter pandemien var Flåm gjennom på 2010-talet. Sidan har anløp til Flåm faktisk gått ned, og stabilisert seg. Årsaka til dette, er at ein såg behov for å innføre krav til lokale utslepp – i tillegg til at kommune og hamn tok ei aktiv rolle i høve besøksforvaltning mht. tolegrenser. Cruise har negative sider, men ein stor styrke er sesonglengda frå april til oktober, og høve til styring og kontroll til det beste for lokalt næringsliv. I 2023 har Flåm fleire cruisegjester i mai og september enn i juli. I juli kjem innrykket av andre gjestestraumar me veit kjem, men som me ikkje kontrollerer.
Vurdering av tilrådingar
Aurland hamnevesen KF syner til tilrådingane Reisemålsutvalet har gjort innan cruise og er gjennomgåande positive til utvalets tilrådingar. Utvalet ser ut til å ha gjort eit grundig arbeid i høve denne delen av reiselivet.
Særleg ynskjer me å trekke fram viktigheita av å tydeleggjere det lokale handlingsrommet for å regulere sin eigen cruisetrafikk, og at kommunane vert stilt til ansvar for å etablere langsiktige og føreseielege strategiar for god besøksforvaltning ut frå korleis kommunen vil ha det hjå seg.
Hamnevesenet er av den oppfatning at den manglande koplinga mellom dei folkevalde sitt strategiske ynskje og hamna si forretningsmessige drift har ført cruise nasjonalt i den posisjonen det har i dag; ofte mislikt og kritisert. Spesielt i dei store byane langs kysten. Dette er skadeleg for næringa; så også for oss. I ei sak om nullutslepp i verdsarvfjordane viser faglege utgreiingar at lokale klimakrav til internasjonal skipsfart ikkje vil gje tilsikta effekt. Men som følgje av omdømme til næringa elles i Noreg verkar vedtaket usedvanleg vanskeleg å rette. At dei lokale utsleppa i Flåm allereie er løyst gjennom eige regelverk, og at ein har lukkast med cruise lokalt druknar i eit negativt nasjonalt omdømme.
Tilrådinga om nullutslepp
Reisemålsutvalet har tilrådd at nullutsleppskravet til turistskip og ferger i verdsarvfjordane også bør stillast i resten av norsk farvatn. Utvalet er samd i at nullutsleppskravet må innførast gradvis for å skape føreseielege rammevilkår og overgangsmogelegheiter, slik Sjøfartsdirektoratet tilrår.
Aurland hamnevesen oppfordrar til at denne tilrådinga vert justert.
Me er usikre på om tilrådinga er gjort på rett grunnlag. I saksutgreiinga s. 139 går det fram at Reisemålsutvalet har forstått det som om Sjøfartsdirektoratet har anbefalt eit nullutsleppsregelverk i verdsarvfjordane med tilhøyrande overgangsordning. Ut i frå den samfunnsøkonomiske analysen som følgjer saka har Aurland hamnevesen utfordra Sjøfartsdirektoratet på om dei har anbefalt eit regelverk utgreidd med mest utelukkande negative samfunnskonsekvensar - også for klima. Attendemeldinga frå direktoratet er at regelverket ikkje er ei anbefaling, men ein leveranse ut i frå avgrensingane i mandatet i oppdraget frå Klima- og miljødepartementet. Det Aurland hamnevesen kjenner til ynskjer Sjøfartsdirektoratet eit nytt oppdrag med eit friare mandat. Slik Aurland hamnevesen ser det, bør ikkje Reisemålsutvalet tilrå eit regelverk som heller ikkje Sjøfartsdirektoratet tilrår.
Vidare fryktar Aurland hamnevesen formuleringa Reisemålsutvalet har vald, som kan oppfattast som om eit nullutsleppskrav først kan implementerast lokalt for verdsarvfjordane, for deretter å utvidast nasjonalt. Det same vart signalisert i 2017, då det vart innført verdsleiiande og strenge krav til sjøtransporten i verdsarvfjordane med omsyn til lokale utslepp. Resten av Noreg skulle kome etter var lovnaden også den gong. Sjøfartsdirektoratet utgreidde ei utviding til resten av norsk farvatn i 2019.Direktoratet tilrådde rett nok innføring av nokon av krava som gjeld her, men ikkje dei krava som er av betydning i høve inngripande endringar. Saka har uansett vorte liggande i bero hjå departementet sidan den gong.
Aurland hamnevesen ser det som grunnleggjande at dette no først vert innført nasjonalt før ein går vidare på trappetrinnstigen for enno strengare krav til ei berekraftig cruisenæring. Sjølv om krava gjeld lokale utslepssparameter, vil dei samstundes påverke CO2 utsleppa frå cruisenæringa i Noreg monaleg gjennom ein mellombels reduksjon skip som kan anløpe hamn i Noreg. Skipa som overheld desse krava er dessutan dei nyaste, og klart mest energieffektive. Ved bruk av EPI måler me ei kraftfull betring i energieffektivitet per cruisepassasjer med regelverket på 40%. Tal cruisepassasjerar går i tillegg noko ned, men ikkje meir enn kva både Flåm og andre norske destinasjonar bør vere i stand til å handtere etter ein periode med høg vekst.
I saksutgreiinga fra Reisemålsutvalet går det fram at klimautsleppa lyt løysast gjennom nasjonale grep. Dette samsvarar med utgreiinga til Sjøfartsdirekotratet som syner at eit lokalgeografisk nullutsleppskrav i verdsarvfjordane er uheldig og utan klimaeffekt. Aurland hamnevesen ynskjer å oppmode Reisemålsutvalet til å tydeleggjere det same. Til dømes ved å tilrå oppfølging av første del av nullutsleppsvedtaket frå 2018 i staden. Det er her klimavinsten ligg.
Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026.
Grønt skipsfartsprogram sin cruisepilot, eit samarbeid mellom norske myndigheiter og cruisenæringa, har allereie tilrådd krav om innblanding av biofuel og utbygging av landstraum nasjonalt i fleire år – som eit meir verknadsfullt alternativ. Dette gjev reell klimaeffekt, utan å lage kunstige og uhensiktsmessige trafikkstraumar frå satelitthamner rundt verdsarvfjordane på landsida. Ei slik lokal barriere medfører større belastning på lokalsamfunn, høgare klimautslepp, lågare norsk verdiskapingsdel og kvalitetsforringelse i produktet. Dette verkar mot det langsiktige og strategiske arbeidet gjort lokalt dei siste tiåra.
Miljødirektoratet har nyleg hatt ute på høyring innføring av omsetningskrav for biodrivstoff til sjøfart. Kravet gjev effekt på innanriksflåten, medan internasjonal trafikk som cruise fell utanfor, ettersom dei bunkrar utanfor Noreg. Å følgje tilrådingane i Grønt skipsfartsprogram vil difor også sikre like konkurransevilkår.