Stillingsutlysning - Sognavert

Vil du representere eit av Norges leiande reisemål, møte både nasjonale og internasjonale gjestar, informere om kva regionen vår kan tilby og bedrive litt fysisk aktivitet på morgonkvisten???

Då er me på utkikk etter deg:

Visit Sognefjord er reisemålsselskapet for Sognefjord-regionen i Sogn, med 200 medlemsbedrifter, 7 kommunar som eigarar og 4 fast tilsette. Selskapet har ansvar for profilering, marknadsføring og sal av reiselivsprodukt og reisemålet i alle aktuelle marknadssegment i Norge, Europa, Asia og USA. Me jobber både mot forbrukermarkedet, leisure bransjemarkedet og MICE/forretningsmarkedet, og er sertifisert som bærekraftig reisemål og Miljøfyrtårn. 

Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner, planlegg, utviklar og ivaretek hamnerelatert infrastuktur i Aurland kommune. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaia i Flåm vart teken i bruk. Flåm har posisjon som ein av dei leiande cruisehamnene i Noreg, samt at området er eit ettertrakta reisemål for nasjonale og internasjonale gjester. Flåm blei i 2019 kåra til ei av dei mest attraktive cruise destinasjonane i verda.

I høve gjennomføringa av sesongen i Flåm samarbeid Visit Sognefjord og Aurland Hamnevesen KF om ein nyoppretta sesongbasert stilling. Dette for å være vertskap og informasjonspunkt for dei besøkande, samt ivareta interessene for næringslivet bade lokalt og regional. 

Arbeidsoppgåvene vil blant anna bestå av å ta imot cruiseskip, halda Flåm representabelt for dei besøkande, spreie glede, gje informasjon om dei ulike tilbode på destinasjonen/regionen, koordinere reisande og være ein representant for reiselivet i regionen.

 

Me søker ein person som: 

·         Er serviceinnstilt

·         Kan jobbe sjølvstendig, men og i team

·         Er fleksible

·         God fysisk form

·         Har grunnleggande kunnskap om reiselivet i Flåm og i regionen

·         Har god formidlingsevne

·         Snakkar norsk og engelsk, men og fordel med kjennskap til andre språk

Me tilbyr: 

·         Ein kul sykkel til bruk i tenesta

·         Gode løns og arbeidsvilkår

·         Grundig opplæring i arbeidsoppgåvene

·         Varierte arbeidsdagar

·         Pulserande og internasjonalt arbeidsmiljø

·         God reiselivsbasert arbeidserfaring

·         Arbeidserfaring innan kundetilfredsheit, logistikk og kommersielt reiseliv

Me vil totalt tilsette 3-6 personar i perioden Juni – August. Arbeidsplassen vil primært være Flåm, men periodar i Gudvangen, Undredal eller Aurland kan førekomma.

Søknad sendast til post@aurlandhavn.no eller post@sognefjord.no 

Kontaktpersonar for stillinga er: 

Jon Olav Stedje, driftsleiar Flåm Hamn. jonolav@aurlandhavn.no, 97627382

Renate Kvåle Hagen, marknadssjef Visit Sognefjord. Renate@sognefjord.no, 97772839 

Søknadsfrist: 15.mai

 

Previous
Previous

Torgplass i Flåm 2023

Next
Next

Torget i Flåm - kontakt hamnevesenet