Torget i Flåm - kontakt hamnevesenet
Torget i Flåm
Som følgje av praktiske årsakar vart det ikkje torgdrift i 2020 og 2021, men slik det ser ut no går det mot ein meir normal sesong i 2022. Etter avtale med kommunen har me vorte samde om at ansvaret for torget i Flåm går attende til hamnevesenet.
I 2019 vart det laga ei eiga forskrift for torghandel i Aurland kommune. Den kan de lesa her: Forskrift om bruk av kommunalt areal til handel utanom fast utsalsstad - Aurland kommune
Det er verdt å merke seg at grunna behov for tett lokal styring/ tett oppfølging er det berre området i Flåm hamnevesenet har overteke ansvaret for. For område disponible i resten av kommunen skal ein framleis søke til kommunen.
Plassar:
· Totalt 16 torgplassar 4 m x 4 m. Høve til å søke på 1, 2 eller 3 plassar.
· Straum (16/32 A) og vatn tilgjengeleg.
Betalingssatsar:
Dei gjeldande betalingssatsane finn du her:
Betalingssatsar for leige av kommunale torgplassar i Aurland kommune
Prioritering
Ved vurdering av søknadar vil hamnevesenet leggje vekt på miljøomsyn, og prioritere handel med kortreiste landbruks- og handverksprodukt, frukt, bær, blomar og gartnarvarer.
Endringar sidan 2019
1. Opp- og nedrigging
Hamnevesenet vil vurdere å gje unntak frå krav om opp- og nedrigging av torgboder kvar kveld basert på erfaringane frå 2019.
2. Reinhald og avfall
Om lag halve plassen er satt av til rekreasjonsområde med sitteplassar. Dette området kan brukast til konsum av matvarer kjøpt på torget, og for gjester i Flåm forøvrig. Aktørar som eventuelt ynskjer matservering vil verte tildelt ansvar for fellesareal i geografisk oppdelte soner i høve reinhald og avfall.
3. Tilsyn
Hamnevesenet vil ha tett oppfølging av område med jamlege tilsyn i høve overhalding av forskrift og retningsliner. Me vil og syte for auka kapasitet og tømmefrekvens for avfall, basert på problema som oppstod i 2019. Området skal reflektere og halde same standard som resten av Flåm.
Søknadsskjema
Finn ein på: https://www.aurland.kommune.no/soeknad-torgplass.6090134-174546.html
Komplett utfylt søknad sendast til Aurland hamnevesen KF ved post@aurlandhavn.no
For spørsmål knytt til ordninga, venlegast kontakt Jon Olav Stedje, driftsleiar, tlf. +47 976 273 82.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er satt til 1. april 2022 for tildeling i høve prioriterte føremål. Dersom ein treng serveringsløyve er det viktig å vere ute i god tid.
Søknadsfristen kan verte utsett avhengig av sakshandsamingstider på serveringsløyver, men ein kan ikkje pårekne dette.
Tor Mikkel Tokvam
Hamnesjef
Aurland Hamnevesen KF