Torgplass i Flåm 2023
Aurland hamnevesen tek no i mot søknadar for torgplassar i Flåm for 2023-sesongen.
Søknadsfristen vert satt til 31.01.2023, og administrasjonen gjennomfører deretter tildeling av torgplassar.
Hamnevesenet forventar høg etterspurnad etter torgplassar for 2023-sesongen, så søkarar vert oppfordra til å leggje ved opplysningar i sin søknad i høve vurderinga for tildeling av torgplass.
-
I høve tildeling av plass vert følgjande moment lagt vekt på i eit suksessivt opptak:
Prioriterte føremål med små miljøulemper - definert som handel med kortreiste landbruks- og handverksprodukt, frukt, bær, blomar og gartnarvarer.
Omsøkt sesonglengde med ekstra vekt på tidleg oppstartsdato.
Avfallsomfang (volum). Val av emballasje mv. frå tilbydarar som driv servering.
Mangfald i produktsamansetjing for torget sin heilskap. Har til dømes ein som sel tilsvarande produkt som deg allereie vorte tildelt plass etter kriteria over, vert din søknad prioritert lågare.
Som vedlegg til søknaden oppfordrar me difor til at søkjar legg ved:
a) Opprinnelse for handelsvarer.
b) For tiltak som krev serveringsløyve: Beskrivelse av valgt emballasje.
c) Andre praktiske opplysningar av relevans for vurdering av søknaden.
-
Totalt 16 torgplassar 4 m x 4 m. Høve til å søke på 1, 2 eller 3 plassar.
Straum (16/32A) og vatn er tilgjengeleg.
-
Torget i Flåm er omfatta av forskrift om bruk av kommunalt areal til handel utanom fast utsalsstad.
-
1. Opp- og nedrigging
Hamnevesenet vil gje unntak frå krav i forskrift om opp- og nedrigging av torgboder kvar morgon/kveld basert på erfaringane frå 2022.
2. Avløp
Kun reint avløpsvatn kan det vere mogeleg å føre til synkekum på området. Forureina vatn, feitt mv. lyt samlast opp og leverast på godkjend måte.
3. Reinhald og avfall
Om lag halve plassen er satt av til rekreasjonsområde med sitjeplassar. Dette området kan brukast av gjester til konsum av mat kjøpt på torget, og for gjester i Flåm forøvrig. Aktørar som eventuelt ynskjer servering vil verte tildelt ansvar for fellesareal i geografisk oppdelte soner i høve kontinuerleg reinhald av fellesareala.
4. Tilsyn
Hamnevesenet vil ha tett oppfølging av område med jamlege tilsyn i høve overhalding av forskrift, retningsliner og pålegg. Området skal reflektere og halde same standard som resten av Flåm.
5. Betalingsfristar
Torgleiga for dei første 30 dagane forfell til betaling 14 dagar etter tildeling av torgplass. Resten av torgleiga vert deretter fakturert i høve forskotsbetaling per kalendermånad.
-
Søknadsskjema med serveringsløyve
Komplett utfylt søknad sendast til Aurland hamnevesen KF ved post@aurlandhavn.no
For spørsmål knytt til ordninga, kontakt driftsleiar Jon Olav Stedje på +47 976 273 82.
-
Søknadsfristen er satt til 31. januar 2023 for tildeling av torgplass.
Dersom ein treng serveringsløyve er det viktig å vere ute i god tid.
Ved ledige plassar vert det deretter gjennomført kontinuerleg handsaming av tilkomne søknadar.
Betalingssatsar
For torghandlarar med tiltak som krev serveringsløyve, tilkjem kr 70 per dag per torgplass for tømming og levering av avfall frå avfallsbehaldarane for publikum på fellesområdet på torget.
Hamnevesenet tek atterhald om at betalingssatsane kan verte endra før søknadsfristen går ut.
For spørsmål knytt til ordninga, kontakt driftsleiar Jon Olav Stedje på +47 976 273 82.