Ledig stilling - Sesongmedarbeidar drift/vedlikehald

Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som driv hamner, planlegg og byggjer nye anlegg i Aurland kommune. Føretaket vart starta i 1999 samstundes med at cruisekaia i Flåm vart teken i bruk.
Flåm har posisjon som ein av dei ledande cruisehamnene i Noreg, samt at området er eit ettertrakta reisemål for nasjonale og internasjonale gjester.  

 

Sesongmedarbeidar Drift/vedlikehald

Aurland Hamnevesen skal tilsetja ein medarbeidar til førefallande arbeid på hamneanlegga i kommunen. Dette i perioden 1. mai til 15. september (Kan endrast ved behov eller for rette vedkommande). Det meste vil vera praktiske oppgåver som drift, vedlikehald, tilsyn og andre varierte oppgåver. Personen må og delta i fortøying av skip og inngå i naudsynt opplæring i ISPS. Andre arbeidsoppgåver kan førekomma. Løn etter tariff.

Me tilbyr:

·         Gode løns og arbeidsvilkår
·         Grundig opplæring i arbeidsoppgåvene
·         Naudsynt kursing
·         Pulserande arbeidsmiljø
·         God arbeidserfaring

Me søker ein person som:

·         Har erfaring med praktisk arbeid
·         God fysisk helse
·         Er nevenyttig og båtvant
·         Tar initiativ, er ansvarleg og sikkerheitsbevist
·         Er serviceinnstilt og løysningsorientert
·         Fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
·         Sett høg standard for kvalitet
·         Er utadvent og imøtekommande
·         Kan kommunisera godt på Norsk og Engelsk

For riktig kandidat vil det og væra moglegheit for opplæring og obligatorisk kursing som sikringsledar/ PFSO.

 Søknaden sendast innan 22.02.2021 pr. e post til jon.olav.stedje@aurland.kommune.no

Spørsmål kan rettast til driftsleiar Jon Olav Stedje på telefon 97 62 73 82 eller e-post jonolav@aurlandhavn.no

 

Previous
Previous

Innstilling frå næringskomiteen om Representantforslag om utsetjing av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordane frå 2026 (Norwegian only)

Next
Next

Press release: The Port of Flåm have received funding to build onshore power supply for cruise ships.