Torgplass i Flåm 2025
Aurland hamnevesen tek no i mot søknadar for torgplassar i Flåm for 2025-sesongen.
Søknadsfristen vert satt til 10.01.2025, og administrasjonen gjennomfører deretter tildeling av torgplassar.
Hamnevesenet forventar høg etterspurnad etter torgplassar for 2025-sesongen, så søkarar vert oppfordra til å leggje ved opplysningar i sin søknad i høve vurderingskriteria for tildeling av torgplass.
Tilgjengelege plassar
Totalt 16 torgplassar 4 m x 4 m lysast ut. Det er høve til å søke på 1, 2 eller 3 plassar. Av omsyn til brei representasjon vil det ikkje verte tildelt tre plassar til einskildaktørar i hovudsesongen.
Korleis søkjer eg?
Søknadsskjema er tilgjengeleg her.
Historisk ligg tal søknader på 30-40 torgruter, medan det berre er 16 tilgjengelege for tildeling. Som vedlegg til søknaden oppfordrar me difor til at søkjar legg ved utfyllande opplysningar om sitt prosjekt. Utan dette er det lite truleg at ein når opp i konkurransen om torgplass.
For torghandlarar som hadde plass i 2024:
Send inn søknad med følgjande dokumentasjon:
1. Komplett utfylt søknadsskjema
2. Vedlegg
a) Firmaattest frå Brønnøysund og attest for skatt og meirverdiavgift
b) Dei fakturabilag frå 2024 ein meiner kvalifiserer innan tildelingskriterie 1; prioriterte føremål, samt skildring av planlagte endringar for 2025-sesongen. Ved intern produksjon innan føremålet kan alternativ dokumentasjon av omfang på dette leggjast ved.
c) Skildring/skisse/bilete som syner eventuelle endringar i visuelle kvalitetar sidan 2024. Ved ingen endringar er det ikkje naudsynt med dokumentasjon. Dersom tiltaket fråvik storleiken på omsøkt torgplass må dette opplysast om særskild – sjølv om det berre gjeld takutstikk, drag på hengar mv.
For verksemder med servering lyt i tillegg leggjast ved:
d) Gyldig serveringsløyve
e) Skildring av planlagt bruk av emballasje mv.
For andre/nye søkjarar:
Send inn søknad med følgjande dokumentasjon:
1. Komplett utfylt søknadsskjema
2. Vedlegg
a) Firmaattest frå Brønnøysund og attest for skatt og meirverdiavgift
b) Skildring av planlagt aktivitet/innkjøp i samsvar med det prioriterte føremålet.
c) Skildring/skisse/bilete av torgbod. Dersom tiltaket fråvik storleiken på omsøkt torgplass må dette opplysast om særskild – sjølv om det berre gjeld takutstikk, drag på hengar mv.
For verksemder med servering lyt i tillegg leggjast ved:
d) Gyldig serveringsløyve
e) Skildring av planlagt bruk av emballasje mv.
Om tildeling av plass
I høve tildeling av plass vert følgjande moment lagt vekt på i eit suksessivt opptak:
1. Prioriterte føremål med små miljøulemper - definert som handel med kortreiste landbruks- og handverksprodukt, frukt, bær, blomar og gartnarvarer.
Dokumentasjonskrav:
- For verksemder som stod på torget 2024: Dei fakturabilag frå 2024 ein meiner kvalifiserer innan prioriterte føremål, samt skildring av planlagte endringar for 2025 sesongen. Ved intern produksjon innan føremålet kan alternativ dokumentasjon av omfang på dette leggjast ved.
- For andre/nye: Skildring av planlagt aktivitet/innkjøp i samsvar med det prioriterte føremålet.
2. Omsøkt sesonglengde med ekstra vekt på tidleg oppstartsdato.
Dokumentasjonskrav:
- Komplett utfyllt søknadsskjema.
3. Avfallsomfang (volum). Val av emballasje mv.
Dokumentasjonskrav:
- Skildring av planlagt bruk av emballasje mv. (Gjeld kun serveringsverksemder)
4. Visuelle kvalitetar.
Dokumentasjonskrav:
- For verksemder som stod på torget 2024: Skildring/skisse/bilete som syner eventuelle endringar i visuelle kvalitetar sidan 2024. Ved ingen endringar er det ikkje behov for dokumentasjon.
- For andre: Skildring/skisse/bilete av torgbod.
5. Mangfald i produktsamansetjing for torget sin heilskap. Har til dømes ein som sel tilsvarande produkt som deg allereie vorte tildelt plass etter kriteria over, vert din søknad prioritert lågare.
- Dokumentasjonskrav: Komplett utfyllt søknadsskjema.
I tillegg er det ei avgrensing i høve kapasitet på straum mv. som påverkar tildelinga.
Etter søknadsfristen er utløpt vil hamnevesenet vurdere innkomne søknadar, og tildele plassar. Ein kan rekne med at plassane vil vere tildelt innan 24. januar. Ihht. torgvedtektene er det ikkje klagerett på tildelinga.
Krav til torghandlarar
Torget i Flåm er omfatta av forskrift om bruk av kommunalt areal til handel utanom fast utsalsstad, tilgjengeleg her.
Andre krav som her beskrive gjeld føre torgforskrifta. Torgforskrifta fyller deretter ut bestemmingane.
1. Telt
Av omsyn til sikkerheit vert det ikkje gjeve løyve til bruk av telt.
2. Ankomst
Torgplassen er tilgjengeleg for opprigging tidlegast frå kl. 08:00 første dag i tildelt torgperiode.
3. Opp- og nedrigging
Hamnevesenet gjev unntak frå krav i forskrift om opp- og nedrigging av torgboder kvar morgon/kveld basert på erfaringane frå tidlegare år.
4. Avløp
Avløpsvatn skal leverast på tilkoplingspunkt tilknytt torgplassen. Frityrfeitt skal aldri hellast i avløpet/til feittutskiljar. Frityrfeitt lyt torghandlar sjølv levere på godkjent måte.
5. Reinhald, orden og avfall
Torghandlarar har eit særleg ansvar for å halde si torgrute ryddig, reingjort og presentabel. Avfall skal ikkje mellomlagrast synleg på torgplassen. Torghandlarar med serveringsløyve vert gjeve tilgang til å levere avfall frå torgplassen i restavfalls- og pappbehaldar nær torget tiltenkt torghandlarar.
Om lag halve torget, samt togvogna rett nord for torget, er satt av til fellesareal med sitjeplassar. Dette området kan brukast av gjester til konsum av mat kjøpt på torget, og for gjester i Flåm elles. Torghandlarar med serveringsløyve pliktar å halde tilsyn med at heile torget framstår ryddig og reint.
Gjester som spør etter toalett skal henvisast til toaletta ved parkeringsplassen.
6. El og vatn
El-kablar og vassforsyning skal førast gjennom trekkekum til forsyningsskåp. Elkablar skal forsvarleg sikrast for å unngå at kablar kan kome i klem frå torguttak til trekkekum, og frå trekkekum til torgbod. Kvar einskild torghandlar lyt ha eigen instruks for sikker tilkopling til straumuttak. Kvar einskild er ansvarleg for at eige elektrisk utstyr er i samsvar med gjeldande regelverk.
6. Bruk av køyretøy på torget
Bruk av køyretøy anna enn køyretøy/hengar nytta som salsbod, er ikkje tillate på torget i torget si opningstid. Dette gjeld også parkering/stopp i bakkant av torgplassar, parkering/stopp langs vegen rundt torget og parkering/stopp rundt fellesarealet. Varelevering i torget si opningstid skal kun skje frå avkøyringa frå A-feltvegen mellom Saga Souvenir og togrestauranten.
Utanfor torget si opningstid er bruk av køyretøy tillate, men berre i samband med opprigging/nedrigging og varelevering.
7. Tilsyn
Hamnevesenet vil ha tett oppfølging av område med jamlege tilsyn i høve overhalding av forskrift, retningsliner og pålegg. Området skal reflektere og halde same standard som resten av Flåm.
8. Betalingsfristar
Torgleiga for dei første 30 dagane forfell til betaling 14 dagar etter tildeling av torgplass. Resten av torgleiga vert deretter fakturert forskotsvis per kalendermånad.
Ved manglande betaling innan betalingsfrist vert løyvet trekt attende for heile den tildelte perioden.
9. Avslutning av periode for tildelt torgplass
Torghandlar lyt fjerne sin torgbod, salsbod mv. seinast innan kl. 20:00 siste dag i tildelt torgperiode. Torgplassen skal forlatast i rydda og i reingjort tilstand. Om naudsynt skal plassen vere kosta og spylt.
Prisar
Alle prisar er oppgjevne eks. mva.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er satt til 10. januar 2025 for tildeling av torgplass. Dersom ein treng serveringsløyve er det viktig å vere ute i god tid.
Ved ledige plassar vert det deretter gjennomført kontinuerleg handsaming av tilkomne søknadar.
Kontakt oss
For spørsmål knytt til ordninga, kontakt hamnesjef Tor Mikkel Tokvam.
Telefon: +47 41 20 20 88
E-post: tormikkel@aurlandhavn.no