Ledig stilling - Driftsleiar / Port Operations Manager
Stillingsbeskrivelse
Om Aurland hamnevesen
Aurland hamnevesen KF er organisert som eit kommunalt føretak. Føretaket er ansvarleg for drift av offentlege hamner og kaianlegg i Aurland kommune.
Hamnevesen driftar Flåm cruisehamn, kjent som ei av verdas mest attraktive cruisehamner. Hamna er inne i ei spanande utvikling, og har ambisiøse mål for framtida. Berekraftig hamnedrift, vidareutvikling av infrastruktur og nullutsleppsmål er blant fokusområda som skal styre hamna sine prioriteringar og aktivitetar framover. Det skal investerast over 100 millionar kroner i utviklingstiltak som blant anna kaiutviding og landstraum for cruiseskip. Dette gir den rette kandidaten høve til å vere med på ei stor utvikling.
Ledig stilling
Me har ledig stilling som driftsleiar med tiltreding 1. juli eller etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Stedfortreder for hamnesjefen.
Fagleg og operativt overordna ansvar for hamnesikringsarbeid/ISPS, HMS og aktivitetsområda i hamna.
Særskilt ansvar innanfor hamnesikring som sikringsleiar for hamneanlegget og del i turnus som PFSO.
Marknadsføring og sal av Flåm som cruisedestinasjon.
Tett oppfølging av kundar, agentar og reiarlag.
Stillinga inngår som del av eit team innanfor drift, forvaltning, utviklingsprosjekt og forretningsmessig verksemd. I stillinga inngår sakshandsaming for Aurland hamnevesen KF sitt forvaltningsområde og saksførebuing for hamnestyret.
Endringar i arbeisoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
Det vert føresett at søkar har relevant høgskuleutdanning. Gode kunnskapar og erfaring frå bruk av IKT som verktøy for styring, rapportering, kommunikasjon og sakshandsaming. Dersom du har erfaring innan leiing, vil dette verte vektlagt.
Me ser etter ein person med relevant erfaring frå reiseliv og/eller offentleg forvaltning. Relevant erfaring innan stillinga sitt fagområde kan kompensere for mangel på formell utdanning. Me ynskjer at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på både norsk og engelsk.
Det vil verte gjeve opplæring i bruk av dei fagsystema som vert nytta.
Personlege eigenskapar
Me søker etter ein medarbeidar som har gode samarbeidsevner og er engasjert, med evne til å skape entusiasme og oppslutning omkring sitt arbeidsområde, er initiativrikt og utviklingsorientert. Desse personlege eigenskapane vil verte vektlagt spesielt ved tilsetjinga. Søkar må kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og resultatorientert. Det forventast at den som vert tilset kan ta i eit tak når det trengst og på eige initiativ. Gode haldningar til HMS og kvalitetsutvikling er viktig.
Me tilbyr
Interessante, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
Eit godt arbeidsmiljø
God pensjonsordning og forsikringsordning.
Lønns- og tilsettingsvilkår
Lønn etter avtale. Medlemskap i pensjonskasse.
Søknad
Send søknaden din på e-post til post@aurlandhavn.no. Legg ved søknadsbrev og CV. I søknaden gjev du opp minimum to referansar. Vitnemål og attestar tek du med ved eventuelt intervju.
Aurland hamnevesen KF gjer merksam på at opplysningar om søkarar kan verte gjort offentleg sjølv om søkaren har bede om ikkje å verte ført på den offentlege søkarlista.
Søknadsfrist 10.05.24
Kontaktpersonar
Hamnesjef Tor Mikkel Tokvam, tlf. +47 41 20 20 88, tormikkel@aurlandhavn.no
Styreleiar Noralv Distad, tlf. +47 91 37 49 76, noralv.distad@vlfk.no